Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit
det heng att eple i ein topp. Eg leit
på mildvêr enno; veden skal i kost,
og kålen takast upp og kulast, tre
skal plantast; og det burde vore tid
til nybrot òg. No ser eg hausten lid
og marki frys og snøen kastar ned
midtlides, og eg veit eg rekk ikkje mitt.
Den epleslumpen fær eg berga, kor
som er, som er i minsto ei sut kvitt.
I vest er månesigden ute, stor
og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbunde åt ei myrk jord.
skulle nesten tro han var her i kveld, Olav H. Hauge
Så vakkert dikt og bilde! Det er utrolig nydelige farger i bladverket - både over og under.
SvarSlett